
FORFATTARSKULEN
Dette skal søknaden innehalde:
1. Motivasjonsbrev:
Namn, adresse, telefon og e-postadresse. Fortel om deg sjølv, bakgrunnen din og motivasjonen din for å søkje på Forfattarskulen. Skriv kort om skriveprosjektet ditt.
2. Søknadstekst:
10–15 sider med eigeskrivne tekstar innanfor valfri sjanger (t.d. dikt, kortprosa, novelle, utdrag frå større manus eller barnebok). Tekstane skal vere skrivne på nynorsk av deg og ikkje omsette ved hjelp av KI.
Send inn motivasjonsbrev og søknad i to ulike dokument (word eller pdf) med 12 pkt. tekst og halvannan linjeavstand. Hugs paginering.
Du får stadfesting av motteken søknad innan få dagar. Og du får svar på søknaden i løpet av desember 2026.
Send søknad til t.tungen@samlaget.no. Kontakt Therese om ev. spørsmål. Søknadsfrist: fredag 12. november 2026 kl. 23.59.
Datoar for samlingar i 2027:
1. samling: 19.–21. februar
2. samling: 16.–18. april
3. samling: 18.–20. juni
4. samling: 24.–26. september
5. samling: 19.–21. november
NB. Datoar for samlingar utanom dei første to treffa kan bli flytta, men då gir vi beskjed i god tid.

