Skjønnlitteratur

Eg lærer mor mi å føde: dikt

Omsett frå engelsk
Krigens brutalitet i rå kjensler. Den kenyanskfødde, britisk-somaliske poeten Warsan Shire (f. 1988) tok verda med storm med diktsamlinga «Eg lærer mor mi å føde» i 2011 - også superstjerna Beyonce, som siterer Shire i fleng på albumet «Lemonade» frå 2016. Boka er ein hyllest til familien, som måtte flykte frå heimlandet, og dikta teiknar bilde av krigsherja landskap med omstreifande militsgjengar og liv levde i frykt og terror. Shire konfronterer lesaren med menneske tvungne til å forlate heimane sine og tanken om at ingen er trygge om katastrofen skulle inntreffe - heller ikkje i Vesten. Kroppen er eit viktig motiv - først og fremst kvinnekroppen - og valden som blir utført mot han, både i og utanfor heimen. Ved å hevde fullstendig eigarskap over eigen kropp proklamerer ho at ho, trass systematisk undertrykking, rasisme og brutalitet, ikkje vil la seg kue. Shire sparer ikkje på detaljane, og røysta hennar flyt over på papiret i rå kjensler og eit vakkert, bilderikt språk. Gjendikta frå engelsk av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen.
349,00 kr
Sider
49
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000942
Warsan Shire
Om forfattaren

Warsan Shire

Warsan Shire (f. 1988) er ein prisvinnande britisk poet, redaktør, aktivist og lærar, fødd av somaliske foreldre i Kenya. Ho debuterte i 2011 med pamfletten Eg lærer mor mi å føde, som fekk strålande mottaking. Poesien hennar er blitt omsett til ei rekke språk.