Thomas Bernhard blei fødd den 9. februar 1931 i Heerlen, Nederland, og døydde den 12. februar 1989 i Gmunden, Austerrike. Bernhard er i alle høve utafor det tyskspråklege området mest kjend som romanforfattar,men skreiv eit tjuetals teaterstykke. Både stykka og romanane er prega av ei fortvila sensibel og insisterande skrift, der han gjerne i aggressive ordkaskadar skriv fram litterært musikalske frasar, nesten forsonande i sine slynger, bølgjande i sin musikk, ironiske i sitt innhald.