Terrance Hayes (f. 1971) er blant dei mest markante poetane i USA i dag. Han er opptatt av populærkultur, rasespørsmål, musikk og maskulinitet, og sidan debuten i 1999, Muscular Music, har han gitt ut seks diktbøker og éi essaysamling. Hayes har mottatt ei røys med prisar, nominasjonar og utmerkingar, mellom anna National Book Award i 2010 for Lighthead. Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar er den første boka hans som blir gjendikta til norsk.