Forfattar
T. Hellesen
I romanen Akselerare frå 2006 blir vi tekne med til eit mørkt og gåtefullt univers, der ein jazzspelande naturfaglærar frå Sverige opplever ei krise. Romanen Soma kom i 2008, og handlar om pressefotografen M, som arbeider med eit materiale for å sleppe unna fotografiets overflate og fasthalding av tilværet. I eit sterkt og ekspressivt språk viser Hellesen i begge desse bøkene sitt store talent til fulle. Hellesen debuterte som barnebokforfattar i 2008 med Kvalen Blå dansar salsa. Dette er ei vill og morosam bok som tematiserer lengt og det å dele livet med nokon på godt og vondt. Hellesen er busett i Bergen.
Utgivingar av forfattaren
2 treff
Ei dotter skriv på ein roman om far sin. Forfattaren er på reise til Berlin for å finne spor av denne romanfiguren. I løpet av denne reis...Soma
T. Hellesen
429,00 kr
I eit sterk og ekspressivt språk skriv T. Hellesen fram eit mørkt og gåtefullt univers. Prosjektet er avansert og ambisiøst, prega av e...Akselerare
T. Hellesen
429,00 kr

