InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Hauk

Å vakne opp åleine.
Hauk vaknar opp åleine i ei stor seng. Før sov pappa òg i senga, men no er han borte. Kva har skjedd med pappa? Kor er han? Og når kjem han tilbake?

«Hauk» handlar om sakn og lengsel. Om å ikkje forstå kvifor vaksne ikkje alltid kan vere der. Om å vere liten og prøve å finne ut korleis verda heng saman.
399,00 kr
Sivert N. Nesbø
Om forfattaren

Sivert N. Nesbø

Sivert N. Nesbø (f. 1982) kjem frå Førde og er busett i Bergen. Han har tidlegare skrive tre kritikarroste romanar: Skårgangar (2013), Som eit barn (2015) og Sjøen om vinteren (2018). Hauk er hans første bok for barn.