Liljene på stranda: roman

Skjønnlitteratur

Liljene på stranda: roman

3 t 38 min
Historiene vi fortel kvarandre. Ei norsk kvinne innleier eit forhold til ein eldre mann i Aten. Under eit opphald på den tidlegare fangeøya Makronissos, der mannen ein gong var internert, fortel dei kvarandre om liva sine. Sjølv er kvinna sikker på at det er mykje ho har gløymt, men korleis kan ho vite kva? Fleire episodar gjer henne usikker på kva som er sant og ikkje, både i hennar eiga og andres historie. Ho møter mannen igjen etter 25 år. Kva er igjen av deira felles opplevingar, og kven er ho blitt, i eigne og andres auge? Romanen krinsar om dei ulike versjonane av forteljingane vi omgir oss med. Kan ein i det heile stole på minnet - og på kvarandre? Brutalt og usentimentalt utforskar Kleiva det å bli eldre, døden og det svikefulle minnet.
379,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234009419
Rønnaug Kleiva
Om forfattaren

Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 30 bøker i forskjellege sjangrar for vaksne og barn. For Plutseleg no fekk Kleiva i 1990 Noregs mållags barnebokpris. Ikkje gløym å klappe katten blei prisa med både Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker og Kulturdepartementets barnelitteraturpris i 1997. I tillegg har Kleiva fått Samlagsprisen (1998) og Sigmund Skard-stipendet (2003). Ho var festspeldiktar under Festspillene i Bergstaden i 2001 og ved Dei nynorske festspela i 2010.

Bøkene til Kleiva er omsette til blant anna gresk, serbisk, russisk, svensk, dansk og fransk. Kleiva er i tillegg med i antologiar på tysk, tsjekkisk og bosnisk, og er representert i fleire norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskole, idrett grunnfag og norsk mellomfag. Ho har teke forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har fleire års praksis som lærar.