Øystein Runde
Foto: Øystein Runde
Last ned portrett
Forfattar

Øystein Runde

(f. 1979) er teiknar og grafikar frå Ulsteinvik. Han gav i 2009 ut Soga om Olav Sleggja, der han har fanga tonen frå sagalitteraturen i teikneserieform, med beksvart humor og korthogne replikkar. I Soga om Olav Sleggja møter vi trælen Olav, som står i gjeld til kong Olav Tryggvason. Han skal gjere eit siste oppdrag for kongen før han er fri: å drepe bror til kongen. Oppdraget endar med at Olav Sleggja blir lyst fredlaus. Sleggja har mykje å hemne, og etter kvart sit kroppsdelane laust rundt han. Soga om Olav Sleggja blei nominert til Sproingprisen for beste norske serie i 2009. Øystein Runde har i tillegg til dette gitt ut albuma Bjartmann og Futen, familiesplattaren Margarin, saman med Kristopher Schau, Rundetid og De Fire Store: Når de døde våkner. Runde bur i Oslo.

Litterære prisar

  • Kultur- og kyrkjedepartementet sin teikneseriepris for barne- og ungdomslitteratur
  • Spirit sin teikneseriekonkurranse Beste stripe 2001.
Vis alle prisaneVis færre prisar
Kultur- og kyrkjedepartementet sin teikneseriepris for barne- og ungdomslitteratur

For De Fire Store - Når De Døde Våkner

Spirit sin teikneseriekonkurranse Beste stripe 2001.

Utgivingar av forfattaren