Napoli-kvartetten

Mi briljante venninne

Elena Ferrante | Kristin Sørsdal

169,00 kr 299,00 kr

Mi briljante venninne er ein stor, filmatisk roman. Historia blir fortalt av Elena, som får vite at venninna gjennom eit langt liv, Lila, er sporlaust forsvunnen saman med alt ho eig: Ikkje eit hårstrå er tilbake, ikkje eit fotografi.

Historia om Elena og Lila begynner i ein fattig, men pulserande bydel i utkanten av Napoli. Fattigkvarteret er prega av vald og brutalitet. Dei to jentene skil seg ut ved at dei er svært kløktige, og Lila også for villskapen sin. Ho er trassig, møkkete – og fryktlaus. Oppveksten i desse røffe gatene lærer jentene å stole på kvarandre og ingen andre. Elleve år gammal må Lila avbryte skolegangen for å arbeide i farens skomakarbutikk, mens Elena held fram med å studere, og Lila er berre seksten år når ho giftar seg med den velståande kjøpmannen Stefano Carracci, son av den forhatte Achille, for å komme seg ut av grepet Solara-familien har om henne og resten av bydelen.

Ferrante har skapt eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag. Mi briljante venninne er første bok i Napoli-kvartetten.

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

 

Historia om det nye namnet

Elena Ferrante | Kristin Sørsdal

169,00 kr 299,00 kr

Historia om det nye namnet byrjar der Mi briljante venninne sluttar. Livet til dei to venninnene held fram i kvar si retning. Studia fører Elena ut av det gamle livet, til ein annan by og eit anna miljø, medan Lila må ta eit val for å redde seg sjølv, og får livet snudd på hovudet.

Historia om det nye namnet er ein roman om to kvinners kamp for å realisere seg sjølve i 60-talets Italia, før ungdomsopprør og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre.

Omsett av Kristin Sørsdal.

Dei som flyktar og dei som blir

Elena Ferrante | Kristin Sørsdal

169,00 kr 299,00 kr

I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner.

Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har.

Dei som flyktar og dei som blir er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre.

Napoli-kvartetten er eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

Bok IV i Napoli-kvartetten, Historia om det tapte barnet, kjem hausten 2016.

Historia om det tapte barnet

Elena Ferrante | Kristin Sørsdal

169,00 kr 299,00 kr

Nominert til Kritikerprisen for beste oversettelse 2016!

Dette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskaplege, ubereknelege Lila. Begge er no vaksne og har store drama i livet bak seg. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei vaks opp i eit nabolag prega av vald og ufridom. 

Elena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har tatt avstand frå, set ho på prøve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforgløymeleg! 

Med Napoli som bakteppe, ein by like forførande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt ærleg og med ein briljans som saknar sidestykke. Dei fire binda i denne serien utgjer ei lang og eineståande historie som lesarane vil vende tilbake til igjen og igjen, og som Elena og Lila sjølve vil dei kvar gong oppdage nye ting.

Den fjerde og avsluttande boka i Napoli-kvartetten stadfestar attesten New York Times har gitt forfattaren Elena Ferrante: «ein av vår tids største romanforfattarar». 

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.