Sam trivst best inne på rommet sitt saman med bestevennen Ørn, ein liten og glad undulat. I gata utanfor er det bøllene som bestemmer.
- Du må aldri fly frå meg, seier Sam.
- Pip, seier Ørn.
- Bra, seier Sam.
Ein dag ser Sam ei jente på vegen utanfor vindauget sitt. Ho freser rundt på ein sparkesykkel. Kven er ho? Kanskje ho vil vere vennen hans?
Ørn er ei fargerik bok om vennskap og utanforskap. Men det er også ei bok om å vekse og bli sterkare, om til slutt å bli til ein stor, farleg ørn på jakt etter bøller.
Martine Grande (f. 1985) kjem frå Lierne i Trøndelag. Ho er busett i Trondheim der ho jobbar med animasjonsfilm og barnebøker. Ørn er den fjerde boka hennar.
Sitat frå melding
["\u00ab\u00ab(...) Martine Grande nyttar samspelet mellom tekst og bilete til \u00e5 skapa eit konkretisert, litter\u00e6rt biletspr\u00e5k som alle kan vera med p\u00e5. Slik blir \u00ab\u00d8rn\u00bb ei fin historie om frykt og overskriding, samstundes som ho stimulerer barnet si spr\u00e5klege og konseptuelle utvikling.\u00bb\u00bb<\/span> - Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen <\/span>","\u00ab.\u00ab\u00d8rn\u00bb er ei biletbok av beste merke. Spenningslina er stram nok til at ho kan lesast i eitt drag, men styrken i den saumlause veven av tekst og illustrasjonar finst i alle opningane: For innleving og medskaping, for undring og mysterium.\u00bb<\/span> - Janne Karin St\u00f8ylen, Bergens Tidende <\/span>"]
Bla-i-boka
Martine Grande
(f. 1985) voks opp i Lierne i Nord-Trøndelag og bur no i Volda. Ho er utdanna animatør og jobbar til dagleg i sitt eige animasjonsselskap, Grande Produksjon. I 2013 debuterte ho som forfattar med biletboka Kakerlakken med den stygge frakken ... og hovudet fullt av triste tankar, som også ligg føre som animasjonsfilm, biletbokapp og teater.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO