Skjønnlitteratur

Ø: dikt

«Her finn vi djupe og tankevekkjande refleksjonar over døden som fenomen, grunnleggjande poetiske tankar som er noko av det mest gripande eg har lese på lenge: .vit at snøen fell over deg og grava di/ tidleg i februar ...»
— Dag og Tid
Eit språk utan ord - om sorga over eit barn som vart borte. På ein kyrkjegard ein dag i februar: Eit barn vert gravlagt. Snøen fell over grava og dei som står rundt, over ord og minne om Øyvor, som var sjuk heile sitt korte liv. Ø er ein song om sorg og omsorg, om ho som er borte, og dei som er att. Ø er eit syn av snø og eld, av det som fell og det som frys, og av det som brånar og gløder. Ø er nemninga av den tomme mengda, ei mengd som ikkje har nokon element. Ø er ikkje det same som ingenting, men kva er det då? Ø er ein formsikker elegi, eit forsøk på å nærma seg det som både er ordlaust og språkløysande.
262,00 kr349,00 kr
Sider
145
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234006548
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«det som overtyder meg i denne boka [.] er kor gjennomført den verkar. Forfattaren vel seg nokre motiv som kanskje kan summerast opp som «Øyvor, snø og Ø», og borar i dei samlinga gjennom, ved å ta i bruk lydlege, visuelle og formmessige grep som både er varierte og fungerer innanfor ramma han har laga seg. Tangerås har eit språkleg og musikalsk handlag som røyver noko sjølv i lesarar som har utvikla motstandskraft mot sorgdikt fulle av snø.»

— Klassekampen

Thor Magnus Tangerås
Om forfattaren

Thor Magnus Tangerås

Thor Magnus Tangerås (f. 1972) kjem frå Haugalandet. Han er førsteamanuensis ved Westerdals institutt for kreativitet, forteljing og design ved Høyskolen Kristiania. Tangerås forskar på korleis litteraturen kan forandra oss, og har mellom anna gitt ut boka Literature and Transformation. A Narrative Study of Life-Changing Reading Experiences (Anthem Press, 2020). Han debuterte med diktsamlinga Ø i 2022. Han har seinare gitt ut samlinga Landskap med vindturbinar, og i 2025 fekk han Bokhandelens forfattarstipend. Å er den tredje diktsamlinga hans.