Skriftfest
Innbunden

Skriftfest

70-åringen blir feira med uventa, sprikande og til dels illustrerte bidrag frå stjernelag i norsk litteratur.

Mellom lyrikkdebuten i 1963 og ny novellesamling i 2010 har Einar Økland skrive vel 70 bøker for vaksne og barn i alle tenkjelege og somme utenkjelege sjangrar.

70-åringen blir feira med uventa og sprikande og til dels illustrerte bidrag frå Dag Solstad, Eldrid Lunden, Paal-Helge Haugen, Jan Erik Vold, Arvid Torgeir Lie, Johan Fredrik Grøgaard, Jan H. Landro, Kjellbjørg Lunde, Ragnar Hovland, Helga Gunerius Eriksen, Aslaug Nyrnes, Nina Goga, Agnes Ravatn, Nicholas H. Møllerhaug, Oddvar Torsheim, Guri Vesaas, Tor Bomann-Larsen, Rolf Warendorph, Ottar Grepstad, Gerhard Stoltz, Jon Østbø, Sverre Tusvik og Trygve Åslund.

429,00 kr
Kjartan Fløgstad
Om forfattaren

Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad er fødd i 1944 i Sauda. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Fløgstad studerte arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim ein kort periode, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Kjartan Fløgstad bur i Oslo. Festspeldiktar ved Dei Nynorske festspela 1994. Sjå elles www.gyldendal.no