Jakob og Neikob

Barn og ungdom

Jakob og Neikob

3–6 år
Møt Jakob og Neikob! Jakob og Neikob er to gode venner som bur i lag, men dei er veldig forskjellige. For mens Jakob seier JA til alt, seier Neikob NEI til alt. Kan ein bu saman når ein er så ulike? Og korleis i all verda skal Jakob få Neikob lurt med på biltur når han alltid seier NEI? Jakob og Neikob er ei humoristisk og surrealistisk forteljing om vennskap, uvennskap og utlandet, genialt illustrert av forfattaren sjølv. Ei herlig forfriskande biletbok! Frå 3 til 100 år!
179,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185959
Kari Stai
Om forfattaren

Kari Stai

Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. I 2021 kom ho også med sin første illustrerte roman for barn, Passe happy, som vann Kulturdepartementets illustrasjonspris. I 2022 kom Jakob og Neikob og tidsmaskinen, den aller siste boka om det kjende radarparet.

Sjå alle bøker av Kari Stai →