Skjønnlitteratur

Ikkje alle gjorde motstand under krigen

Krig opp, krig ned og krig i mente. Krig. Store krigar. Små krigar. Krig mellom land og folk. Krig mellom slektningar, ektefellar eller naboar. Personlege krigar, indre krig. Din krig og min krig. Krig opp, krig ned og krig i mente. Diktaren og komikaren Jon Hjørnevik vil ta for seg krigen - berre mykje, mykje kortare enn all annan krigslitteratur. I si sjuande diktsamling er temaet det folk rundt han har måtta slite med og krige om. Han tek også for seg dei som gir f... og ikkje går i krigen. Vel 50 dikt fordelte på vel 100 sider burde vere meir enn nok.
379,00 kr
Sider
106
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252194463
Jon Hjørnevik
Om forfattaren

Jon Hjørnevik

Jon Hjørnevik (f. 1970) er forfattar, tekstforfattar, julenisse, forvaltningsrevisor, reklamemann, familiemann, statsvitar, jobbsyklist, nabo, daglegvarekunde og komikar frå Voss. Han debuterte med diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001 og er mannen bak ei rekkje andre populære diktsamlingar. Hjørnevik er også ein høgt skatta opplesar av sine eigne dikt.