Ivar Myklebust Longvastøl er utdanna lærar og journalist. Han har i ei årrekkje arbeidd som journalist i Firda, men også vore lærar, vore innom NRK og budd og arbeidd i Sør-Afrika. Dei siste åra har Longvastøl bygd opp Nynorsk avissenter i Førde, som gir ei praktisk retta opplæring med føremål å rekruttere fleire flinke journalistar som skriv nynorsk.