Ingjerd Veiden Brakstad (f. 1979) er historikar med folkemord som spesialfelt. Ho arbeider særleg med spørsmål knytte til tida etter folkemord og korleis ugjerninga blir forstått og skildra av fjerne og nære tilskodarar – i både samtid og ettertid. Brakstad er frå Trondheim og har doktorgrad frå NTNU. Ho har jobba ved Universitetet i Oslo, HL-senteret og er i dag forskar ved Falstadsenteret.