NATO-komplekset: om militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitet

Generell litteratur

NATO-komplekset: om militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitet

Eit fredeleg naboskap med Russland er avslutta. Under ei vernande skodde av hemmeleghald, uklar tale og semantisk forvirring er Solberg-regjeringa i ferd med å overlate mykje av norsk militærpolitikk til Pentagon og hovudkvarteret i NATO. Den enorme dimensjonen til krigsøvinga Trident Juncture markerer at Noreg er blitt ein aktiv deltakar på den offensive sida i den nye kalde krigen. Ei slik markering gjer det også klart at det fredelege, diplomatisk ordna naboskapet med Russland er avslutta. Det blir også tydelegare at Noreg underordnar seg USAs leiarskap, uansett kva eller kven som er på veg inn i den amerikanske styringseliten, og der er det alt no visse bisarre innslag, for å seie det forsiktig. Aktørar frå den gamle kalde krigen hevdar med god grunn at det er USA som har starta den nye.
299,00 kr
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252198669
Jon Hellesnes
Om forfattaren

Jon Hellesnes

(f. 1939) er forfattar og professor emeritus i filosofi ved Universitetet i Tromsø. Han har fått litteratur- og formidlingsprisar og er æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Med sine kronikkar og artiklar i dagspressa har Hellesnes i mange år vore ei befriande kontrær røyst i den offentlege samtalen.