Filter
Bertolt Brecht
1 bok
Bertolt Brecht (1898-1956) er kjend som ein av dei mest framståande dramatikarar og teaterteoretikarar i det 20. århundret. Han blei fødd i Augsburg, men flytta seinare til Berlin, der han fikk sansen for det moderne teatret. Det nasjonalsosialistiske Tyskland byrja i 1933 å bli utrygt for Brecht, som både var kunstnar og revolusjonær forkynnar av kommunistisk kollektivisme. Han såg det naudsynt å flykte. Dette blei starten på ei lang periode i eksil i Danmark, Finland, Storbritannia og til slutt USA. Etter krigen flytta Brecht først til Sveits, og søkte deretter om løyve til å reise inn i Vest-Tyskland. Dette blei han nekta grunna sine kommunistiske sympatiar. Han slo seg då ned i DDR og grunnla Berliner Ensemble saman med skodespelarinna og kona Helene Weigel. I ettertida er Brecht ikkje berre kjend for sine drama, men òg for å ha utvikla ein ny teknikk for å fortelje historier i teatret, kalla episk teater eller forteljande teater og for bruken av underleggjering (verfremdungseffekt). Begge verkemiddela er for han verktøy for å fremme framsyningas politiske innhald.
Filter