InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Vulkanen vaknar: roman

12–16 år
««Overleve» har klare filmatiske kvalitetar, noko Nikolai Lockertsen sine inspirerte illustrasjonar bidreg til. Inspirert er også Røssland i sin rause, rundhanda bruk av historiske og geografiske funfacts, fagterminolo...»
— Bergens Tidende
Ny spenningsserie for ungdom. Om få år er verda heilt forandra. Byar og land har forsvunne under havet som stig. Millionar av menneske er drivne på flukt frå kysten. Andre flyktar frå brennande varme. Nokre frå krig. Forskingsskipet Bluenose skal leite etter fisk og andre livsviktige matkjelder i Atlanterhavet. Saman med mannskapet og forskarar er dei norske trettenåringane Jamal og Eira om bord. Begge har fedrar som jobbar på skipet. Jamal er verkeleg interessert i oppdraget, medan Eira er med mot sin vilje. Men så hamnar skipet midt i ei brutal krigssone. Jamal og Eira forstår at dei små kranglane dei har, blir uviktige i møte med eit stormfullt hav, menn med maskingevær og vulkanen som vaknar. «Vulkanen vaknar» er første bok i spenningsserien «Overleve», som tar deg med til ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. Boka er illustrert av Nikolai Lockertsen.
349,00 kr
Sider
199
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234003936
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Boka «Vulkanen vaknar» er byrijinga på ein ny serie med ei verd øydelagd av klimaendringar som kulisse. Det blir både spennande og tankevekkjande.»

— Framtida

Tor Arve Røssland
Om forfattaren

Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og unge, og er kanskje mest kjent for grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda. Svarte Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen. Svarte-Mathilda II kom i 2012 og Svarte-Mathilda III i 2013. Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland.

Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk.