Vil du ha katt?
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Vil du ha katt?

6–9 år
Kvar kan Rusken bu? - Sett den kassa før? spør Gro. Gunnar rister på hovudet. Noko pip frå kassa. Nokon klynkar frå kassa. - Kva kan det vere? spør Gunnar. Søskena Gro og Gunnar finn ei kasse. I kassa ligg det ein katt. Katten heiter Rusken og treng ein ny heim. Kanskje nokon i blokka deira vil ha ny katt? Og kan ein slange og ein katt bu saman? Vil du ha katt? er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
249,00 kr
Sider
34
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252198362
Trude Tjensvold
Om forfattaren

Trude Tjensvold

Trude Tjensvold (f. 1964) er forfattar, illustratør og biletkunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med bildeboka Bo flyttar ut, som både blei nominert til Kulturdepartementets debutantpris for barne og ungdomslitteratur 2016 og vann gull i Visuelt 2017. Ho har etter dette gitt ut fleire biletbøker, lettlesbøker og den grafiske romanen Raud Volvo (2022) for ungdom. I 2023 kom faktaboka Vi roper i skogen, og i 2025 gav ho ut sin første roman Misty åleine, som vart nominert til Kulturdepartementets skjønnlitteraturpris for barn og unge.