InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Sinne: roman

12–16 år
««Ann Helen Kolås Ingebrigtsen skriv om kvardagsleg ungdomsliv i eit språk som flyt fint og lett. Replikkane er presise og snappy, uttrykka tett på dei ungdom framleis brukar, språket krydra med lånord frå engelsk.» og...»
ADHD, forelsking og vennskap. 15 år gamle Synne har ADHD. Det boblar og kokar inni henne. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen. Heldigvis har Synne bestevennen Torunn. Men to nye elevar i klassen skapar problem: Kine, som er ein ufordrageleg influensar med mange følgarar på Instagram, og mystiske og pene Johan, som må ha O'boy og brødskiver med jordbærsyltetøy kvar dag.
349,00 kr
Sider
202
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234002151
Meldingar

Sagt om boka

3 omtaler

««Ingebrigtsen har skrevet en viktig ungdomsroman, det finnes få bøker som beskriver temaet jenter med ADHD så nært, troverdig og ufiltrert.» Marthe Andersen Snekkerhaugen, Avisa Hadeland»

««Når er ein diagnose til hjelp, og når står den i vegen for at enkeltmennesket skal få utfalde seg? Ungdomsromanen Sinne stiller store spørsmål utan å ta frå lesaren rommet til å tenke vidare på eiga hand.» Britt Kristin Ese, barnebokkritikk.no»

««(...) eg er heilt sikker på at denne boka kan vere til vesentleg støtte for ungdomsskuleeleven som til liks med Synne må finna ut av eit sjølv for puberteten uvanleg galopperande kjensleliv.» Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen»

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen
Om forfattaren

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f.1980) kjem frå Valderøya i Giske Kommune. Ho arbeider som norsklærar i vidaregåande skule. Ingebrigtsen debuterte med ungdomsboka Sinne i 2020, ei bok som vann Bokbloggarprisen og Årets Ulest. Ho har seinare gitt ut ungdomsromanen Eg blir her (2022). På ein skala frå éin til ti er den tredje romanen hennar.