Isla Bonita

Barn og ungdom

Isla Bonita

12–16 år 5 t 36 min
Kan det vere livsfarleg å bli forelska? Carlo trekkjer pusten og fyller lungene med frisk sjøluft. Strekkjer ut armane og smiler mot alt og alle. Skjøner ikkje kva som ventar han. Veit ikkje betre. Aner ikkje at denne vesle øya langt ute i Atlanterhavet vil forandra livet hans for alltid. Om fem dagar vil alt vera annleis. Seksten år gamle Carlo reiser til Syden med den rare kunstnarmora si. Han ser fram til ei roleg ferieveke i varmen, men slik blir det ikkje. Isla Bonita viser seg å vere ei øy full av skumle typar og store mysterium. Og så møter han Julieta, den dansande jenta på kaien. Av og til kan det vere livsfarleg å bli forelska.
279,00 kr
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234003196
Terje Torkildsen
Om forfattaren

Terje Torkildsen

(f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent, og er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland frå 2001. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), utvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Høsten 2009 kom Dystopia I – den første boka i serien DYSTOPIA 2014. Som Marki Marco er også desse bøkene skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Torkildsen vann Uprisen for andre gong for Dystopia III i 2012. Torkildsen bur i Stavanger.