Apetryne

Barn og ungdom

Apetryne

9–12 år 58 min
- Du treng ikkje herma etter apene, Arne! seier Simon. Ivar byrjar å le høgt. Han hoppar rundt bålet som ei ape medan han peikar på meg. - Du er eit apetryne, Arne, eit ekkelt apetryne. Me kan ikkje vera saman med slike som deg! Me vil ikkje ha deg her lenger! Apetryne er ei bok om vennskap, om forelsking, om å vere utanfor og om å bli sett av den du ønskjer skal sjå deg. Atle Hansen er forfattar og musikar og har skrive ei rekkje bøker for både barn og vaksne.
279,00 kr
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234003028
Atle Hansen
Om forfattaren

Atle Hansen

(f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen har studert litteratur, teater og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Sin litterære debut fekk han i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. I 2002 kom den første boka for vaksne, Sargasso. Oppvekstromanen Som ein engel (2005) følgde opp dei gode meldingane. Hansen er likevel mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge han har på samvitet, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008), Den svarte oksen (2009) og Svartedalen (2015).

Hansen har ei lang karriere som musikar bak seg, og har m.a. fått Hordaland Mållags målrockpris for plata Trøysteslaus hotell i 1984. Han var med på å starte barnebokfestivalen Falturiltu på Stord, og er med i programkomiteen til festivalen. Han er òg medlem av det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsforfattere (NBU). Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.