
Månadens forfattar: Lars Mæhle
Lars Mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) har skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Han har fått Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen og Fabelprisen. I 2018 kom ungdomsromanen Andromeda som fekk strålande meldingar og Død eller levande i den populære grøssarserien; Grøss og Gru. I januar 2019 kom Djevelen vil alltid finne deg, som er noko så sjeldan som ein samfunnskritisk og gysande grøssar for ungdom.
Bøker til spesialpris!
Nyheiter frå Lars Mæhle

Djevelen vil alltid finne deg er noko så sjeldan som ein samfunnskritisk og gysande grøssar der lesaren sjølv må vere detektiv og finne djevelen.

16 år gamle Simon har blitt flytta til ein ny fosterheim i ein liten dal på Vestlandet. Han trur han skal få ein lett match med å hevde seg her, men ting utviklar seg annleis enn han trur.