Z for sorry

Barn og ungdom

Z for sorry

12–16 år 3 t 10 min
Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv. Men kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han guten som kjem nær? Han med lause skolisser som smell i golvet? Og kvifor driv hybelvertinna og bryr seg? Susan ser på kart over nattehimlane. Mange stjerner er del av eit større bilete, medan andre sviv omkring åleine i utkanten. Marit O Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. For novellesamlinga kino (2006) og romanen søkeord: ayotzintli (2010) fekk Kaldhol Kulturdepartementets litteraturpris. Den siste blei utgitt i Tyskland i 2012, og blei nominert til Deutsche Jugendliteraturpreis. Marit Kaldhol er nominert til ALMA-priset 2016, den største barnebokprisen i verda, for tredje gong.
279,00 kr
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234002977
marit o kaldhol
Om forfattaren

marit o kaldhol

marit o kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.

Ho debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986). Boka er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangaren, og er omsett til tolv språk og m.a. utgitt i Japan, USA og Canada. Dette gjer ho til den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.

kaldhol ga i 2006 ut den poetiske romanen Blondene gir seg ikkje, der barndomsskildringar og hendingar og draumar frå vaksenlivet blir fletta saman til eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Same år kom Kino, ei samling noveller for ungdom som Kaldhol fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. I 2010 kom ein ny ungdomsroman: søkeord: ayotzintli, som forfattaren igjen fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. marit o kaldhol fekk Samlagsprisen i 2001.