Veslebror ser deg: roman
Innbunden

Barn og ungdom

Veslebror ser deg: roman

12–16 årOmsett frå engelsk
Marcus Yallow er hackar og rollespelnerd, og ein som stadig tullar med overvakingssystemet på skolen der han går. Bay Bridge i San Francisco blir sprengd i lufta, og Marcus og vennene hans er på feil stad til feil tid. Dei blir pågripne av Tryggleiksdepartementet, som mistenkjer Marcus for å vere involvert i terroråtaket. Då startar den vanskelege kampen mellom David og Goliat: Kan Marcus og vennene vinne over styresmaktene? Då boka kom ut i USA våren 2008, gjekk ho rett inn på New York Times' bestseljarliste, og ho vart ved slutten av året halden fram som ein av dei aller beste romanane i 2008 av same avisa.
329,00 kr
Sider
351
Utgivingsår
2009
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252173314
Cory Doctorow
Om forfattaren

Cory Doctorow

Cory Doctorow (f.1971) frå Canada, er ein aktiv bloggar, twittrar, creative commence-forkjempar. Han skriv også i the Guardian. Doctorow er ein internettkjendis, og ein av dei viktigaste tenkarane i dag når det gjeld nettspørsmål. Han driv også ein veldig populær aktualitetsblogg: http://boingboing.net/