Skjønnlitteratur

Ventrakl

Omsett frå engelsk
«En filosofisk pamflett og en oversettelse av en oversettelse kaster lys over en menneskelig aktivitet ingen maskinlæring vil kunne overta.»
— Frode Johansen Riopelle, Morgenbladet
Den hybride diktbiografien Ventrakl er amerikanske Christian Hawkeys forsøk på å komme i kontakt med den austerrikske poeten Georg Trakl (1877–1914) – på tvers av både språk og tid. Resultatet er ein openhjartig og djuptfølt samtale mellom to poetar frå to ulike hundreår. Boka arbeider med grunnleggande spørsmål, som korleis vi les tekst og bilde, korleis forfattarskap flyt over i kvarandre, og korleis omsettingspraksis kan gjere rommet mellom litteratur og liv rikare.
 
Ventrakl er ei rørande bok om krig, sjukdom, kjærleik og dikting. Ho handlar om kva som er mogleg å overføre frå eit språk til eit anna, og om kor mykje av ein person som blir att etter dokumentasjon og mytebygging. Gjendiktingstematikken blir ytterlegare forsterka når Mathias R. Samuelsen må finne sine eigne metodar og strategiar for å overføre denne samtalen mellom Hawkey og Trakl til norsk.
299,00 kr
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234014659
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Antakelig vil boken være til glede både for de som har god kjennskap til denne mystiske, ekspresjonistiske poeten – som skrev visjonære og religiøst fortvilede dikt med mørke, landlige motiver – og for de som har liten eller ingen kunnskap om ham. Man får lære det mest kjente ved mannen og poesien, men på uventede måter. Det står at Trakl jobbet som farmasøyt, at han deltok i første verdenskrig, at han var mye deprimert, at han antakelig begikk selvmord ved kokainoverdose i en alder av 27. I måten denne informasjonen blir meddelt på, oppstår det noe genuint litterært. ... [A]bsolutt å anbefale.»

— Mathias Basma Moen, Klassekampen

CH
Om forfattaren

Christian Hawkey

Christian Hawkey (f. 1969, busett i Berlin) er ein amerikansk poet, omsetjar, redaktør, aktivist og lærar. Han har skrive fleire diktbøker, inkludert Sonne from Ort, Ventrakl, Citizen Of, The Book of Funnels og fleire «chap books». Den siste utgivinga hans er Sift (2021). Tekstane hans er blitt omsette til mange språk. Med Ventrakl blir Hawkey for første gong utgitt på norsk.

Meir om Christian Hawkey →