Velsigne dottera oppdratt av ei stemme i hovudet

Warsan Shire |
E-bøker | ISBN: 9788234003837

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price199 kr
Forventa i sal: 31.08.2022
Den kenyanskfødde britisk-somaliske poeten Warsan Shire (f. 1988) tok verda med storm med diktsamlinga «Eg lærer mor mi å føde» - også superstjerna Beyoncé, som siterer Shire i fleng på albumet «Lemonade». Om Shires nye diktsamling, «Velsigne dottera oppdratt av ei stemme i hovudet», skriv den amerikanske poeten Terrance Hayes at Warsan Shire skriv slik Nina Simone song; ho skildrar kvinneliv med kjærleik og kompleksitet.

Via utforsking av popkultur og nyheitsoverskrifter frå tusenårsskiftet forsøker Shire å gi stemme til eit mangfaldig kollektiv av melaninrike søstrer. Ho skriv om spenninga mellom tru og familie, motstand og plikt, og skildrar liv fulle av lyd og lukter, musikk, gråt og suraer, av parfyme og gurkemeie, og av blod.

«Velsigne dottera oppdratt av ei stemme i hovudet» er musikalsk og sanseleg poesi med ei konfronterande kraft.

Gjendikta av Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof.

Warsan Shire

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du likar kanskje desse

Sist sett på