Tre meter med kniv: roman
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Tre meter med kniv: roman

16–20 år
««[...] en vakker og sår bok om ensomhet, nærhet og psykisk sykdom.»»
— Barnebokkritikk.no
Om å vere kjærast, dotter og syster. Lykke vil bli halden rundt av Simeon i symjehallen. Ho ønskjer å bli sett av ei sjuk mor. Ho prøver å vere grei med fostersystera Lena. Men Simeon, som kan vere så snill, kan også vere slem. Og mor, som kan vere så morosam, kan også vere langt borte. Og kva er det med Lena, som av og til er heilt, heilt stille? «Tre meter med kniv» handlar om å vere forelska, om å vere ei dotter, ei syster, men heile tida vere på vakt, heile tida kjempe mot tårene, heile tida lengte, heile tida oppleve at kjenslene svir.
329,00 kr
Sider
191
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252198096
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

««For unge som selv har pårørende med psykisk sykdom, kan det være trøst i å lese Harboes debutbok for å forstå at man ikke er alene.»»

— Aftenposten

««Ei bok med ein heilt eigen rytme» og «Harboe prøver ikkje å forklare eller forsvare Lykke som karakter, men dreg lesaren inn i hennar verd og opnar på det viset rom for ei erfaring lesarane kan dele.»»

— Periskop

Eili Harboe
Om forfattaren

Eili Harboe

Eili Harboe (f. 1994) er frå Stavanger. Ho har bachelorgrad i engelsk litteratur frå UiS og bachelorgrad i kunsthistorie frå UiO. Harboe fekk det store gjennombrotet som skodespelar med hovudrolla i filmen Thelma (2017). Tre meter med kniv er hennar første bok.