Tradisjonell språkhistorie er i denne læreboka sett saman med tekstanalytiske og didaktiske perspektiv. Tekstdøma står i sentrum og illustrerer endring og variasjon i tid så vel som i geografisk og sosialt rom. Boka fell i to delar, der første delen er eit språkhistorisk lengdesnitt, medan andre delen går nærare inn på ulike språklege tema. Fleire aspekt er representerte: bøyingsformer og lydverk, tale og skrift, sakprosasjangrar og læreplanar, personnamn og stadnamn. Boka er primært skriven for lærarstudentar, men er òg aktuell for bachelorstudentar og norsklærarar. Femte utgåva er oppdatert med stoff om digitalt språk og språkleg mangfald.