Skjønnlitteratur

Tallboy

«Elegant [...] Mesterlig komponert [...] Det er ikke så ofte at jeg leser bøker som jeg ikke klarer å slutte å tenke på, og heller ikke klarer å slutte å snakke om. Men denne boka har festet seg i kropp og sinn og se...»
— Solgunn Solli, Altaposten
Nominert til Bibliotekets litteraturpris 2024!

På eit psykiatrisk sjukehus kjempar både tilsette og pasientar for å oppretthalde kontroll. Dokter Falk luktar stadig oftare av alkohol og har begynt å overnatte på kontoret, flyktningen Bilal får ikkje opphaldsløyve og har slutta å ete, og den tidlegare skodespelaren Katharina skiftar namn og set opp teater i tv-stua. Sjølv er miljøterapeuten T på randa etter søvnlause netter. Frå vindauget på avdelinga ser ho over til staden der krigsskipet Tirpitz blei bomba, og som farfar hennar var med på å hogge opp etter krigen. No ligg han for døden og all direkte kunnskap om det som skjedde, er i ferd med å forsvinne. Og då ein ny pasient, som påstår at han er Noregs første astronaut, blir tvangsinnlagt, gir ho seg over til han - til det einaste mennesket som ser henne for den ho verkeleg er.
249,00 kr
Sider
310
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234014352
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Den gjennomkomponerte romanen viser solid handverk [...] Ein eksistensiell og politisk kommentar til alt det individuelle strevet som skjer i kulissene av samfunnslivet, samtidig som boka gir tankar om korleis historiske hendingar manifesterer seg i psyken til kvar og ein av oss. Det er ein naudsynt refleksjon i ei tid der lengten etter å bli 'holdt av noe annet enn seg selv' ser ut til å bli sterkare i takt med at maskene i det sosiale tryggleiksnettet blir større og større.»

— Merete Røsvik, Klassekampen

«God debutroman om psykiatri, kjærlighet og krigshistorie. [...] Det er dels en rapport fra en psykiatrisk institusjon, men ogsa. en morsom fortelling pa. den ma.ten det tragiske ofte kan være komisk [...] Men det dominerende inntrykket er en melankoli eller gra. dysterhet som hviler over sidene. Selv situasjoner som i utgangspunktet er lettere, har en illevarslende undertone av tungt, dirrende alvor i denne overbevisende debutromanen»

— Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad

Therese Bakkevoll
Om forfattaren

Therese Bakkevoll

Therese Bakkevoll (f. 1975) kjem frå og bur i Tromsø. Ho har studert ved Litterär Gestaltning i Göteborg og ved Forfattarstudiet i Tromsø, og jobbar som miljøterapeut. Ho har tidlegare hatt tekst på trykk i Signaler 2019 og i Nye Nynorske Noveller: Slutten på historia. Tallboy er den første boka hennar.