InnbundenFleire format

Generell litteratur

Takkefest!: jorda rundt med enkle flatbrød, lomper, lefser og pannekaker

Flat mat er ein av våre eldste, enklaste og mest utbreidde mattradisjonar. I denne boka møter du menneske frå fleire verdshjørne som lærer deg sine smakfulle favorittar. Heimebaka lefse til jul? Pannekaker i barnebursdagen? Frukostlompe med brunost?Fredagstaco med sjølvsteikt tortilla, eller lapskaus med flatbrød du har kjevla ut på benken? Ja, eller kva med å gje ei smakfull gryte følgje av asiatisk roti eller austafrikansk injera? I «Takkefest!» har takkeentusiast Aaste Kveseth funne fram kjevlet og invitert nordmenn med røter frå ulike verdshjørne til å vise fram noko av variasjonsrikdomen som finst av takkebakst. Saman gjev dei deg eit rikt utval av gode oppskrifter og viser deg kor lett du kjem i gang. Visste du at menneska alt for fleire tusen år sidan steikte flatbrød på bålet? Det er ikkje tilfeldig, for dette er noko av den enklaste baksten du kan gje deg i kast med! Du blandar berre mjøl og væske til ei røre, eller knar det saman til ein deig som du kjevlar flat. Blandinga treng korkje gjære eller heve, og det er også overraskande små skilnader som avgjer om resultatet blir til ei mjuk lefse, ei pannekake med deilige, sprø kantar eller eit meir kompakt brød. Etter å ha baka deg gjennom denne boka vil du seie det, du òg: Ingenting kan måle seg med fersk, heimelaga takkebakst! Fotograf: Tove Breistein
449,00 kr
Sider
150
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005701
Aaste Kveseth
Om forfattaren

Aaste Kveseth

Aaste Kveseth (f. 1974) er frå Tinn i Telemark og bur på Rødtvet i Oslo med sambuar og tre born. Ho er prosjektleiar i NRK Kultur og har jobba som journalist og redaksjonsleiar sidan 2003. Kveseth er ivrig lefse og flatbrødbakar og steiker sveler når korpset på Rødtvet har loppemarknad. Takkefest! er Kveseth si første bok.