Generell litteratur

Stoisk uro: og andre filosofiske smular

Korleis bli eit godt menneske? På toppen blir me ståande stille eit sekund eller to, vippande på kanten av stupet. «Gift deg eller gift deg ikkje, du vil angre på begge delar», tenkjer eg. Eg drar Minnie Mus-ringen fram og stikk han opp i ansiktet hans. «Vil du gifte deg med meg!?!» Er filosofi høgtsvevande og teoretisk visvas, eller kan det òg ha praktisk nytte? I denne underhaldande boka testar Agnes Ravatn ut korleis dei ulike filosofiske skulane fungerer i kvardagen, i eit halvhjarta forsøk på å bli eit betre menneske. På vegen mot det gode livet går ho på ski med Kant, arrangerer symposium i Platons ånd og trulovar seg etter råd frå Kierkegaard. Stoisk uro og andre filosofiske smular er ei sjarmerande samling tekstar som vekker både latter og undring.
249,00 kr
Sider
119
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252198980
Agnes Ravatn
Om forfattaren

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay. Doggerland er den femte romanen hennar.

Foto av Agnete Brun:


Foto av Line Omland Eilevstjønn:

Foto av Marius Viken: