Smådjevlane

Anne Bergset Oikonomaki |
Innbunden | ISBN: 9788252183764

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price420 kr

Elsa Fossevik tek vare på eit brev for ei norsk kvinne ho møter på Kreta. Kvinna forsvinn. Tilbake står Elsa med eit brev og ein mistanke om at alle som så langt har lese det, har blitt drepne.

Andreas Linde er halvt gresk, halvt norsk, og spesialagent i Organization Europe 3. No er han på veg mot eit oppdrag han ikkje vil ha. Påstandar om ei planlagt likvidering av kurdiske barn har nådd greske styresmakter. Oppdraget Andreas har fått er å eliminere alle involverte. For å redde dei kurdiske barna må han stoppe båten før dei når fram til Kreta. Det blir ein kamp mot tida – og etter kvart ein kamp også for å redde Elsa.

Anne Bergset Oikonomaki har lagt korrupsjonen i Hellas og eit storpolitisk spel som bakteppe for ein mann sine vanvitige planar for å stille si eiga grådigheit. Romanen er skrive med inngåande kjennskap til Kreta, solparadiset nordmenn aldri sluttar å elske.

Anne Bergset Oikonomaki

Du likar kanskje desse

Sist sett på