Ser du dette?: roman

Barn og ungdom

Ser du dette?: roman

12–16 år
«Terningkast 5: «Sigrid Agnethe Hansen har skrevet en vellykket ungdomsbok der hun viser at hun kjenner ungdomsmiljøet [...]. Med elementer fra thrillergenren holdes leseren hele tiden på hygget, og hun avslører ikke m...»
Nakenbilete på avvegar. Anna har flytta til ein ny stad. Men eit rykte kan reise fortare enn ein bil kan køyre. Eit rykte bryr seg verken om kilometer, fart eller reiserute. Eit rykte vil berre fort fram. Og det vil nå så mange som mogleg. Anna har reist frå eit rykte. Ho må starte på nytt. Med ny skule og nye venner. Korleis klarer ho å handtere det nye livet når ho heile tida fryktar at fortida skal avsløre henne? «Ser du dette?» handlar om Anna og eit nakenbilete som blir spreidd på nettet. Om å gi hjartet sitt til ein som tråkkar det i tusen knas. Om å vere 15 år og tore å stole på nokon igjen.
249,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234001819
Sigrid Agnethe Hansen
Om forfattaren

Sigrid Agnethe Hansen

Sigrid Agnethe Hansen (f. 1989) er programleiar og produsent i NRK Troms. Ho debuterte med boka Ser du dette? i 2020. I 2023 fekk Hansen Blixprisen for den andre boka hennar, Du veit ingenting.