InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Schonung, eller: Dei frivillige: minneroman

«Det vakre prosapoetiske språket viser at trondheimforfatterens tre tidligere diktsamlinger er blitt viktige byggeklosser, i en helstøpt roman.»
— Stein Roll, Adresseavisen
Kan ein fri seg frå eit familietraume ved å fortelje ein gong til?

Då Kaare R. Samuelsen hamna på sjukehus i 1946 etter fangenskap i konsentrasjonsleiren Natzweiler, fekk han ei skrivemaskin for å skrive ned erfaringane sine. Barnebarnet hans les vitnesbyrdet og reflekterer over kva overlevinga har betydd for slekta og han sjølv. Han har nettopp flytta ut frå kjærasten sin etter 15 år og prøver å forstå om det er hans eige tungsinn som har ført til brotet - eller om det er slik han har lese, at det tar tre generasjonar å fri seg frå eit traume. Han spør seg om det finst forsoning i valet hans om ikkje å føre slekta vidare - samstundes som han er klar over at det han balar med, er trivialitetar samanlikna med farfaren sine opplevingar.
429,00 kr
Sider
276
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234004520
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«[E]n fint komponert og velskrevet medley av minner og refleksjoner, der ulike sjangerelementer, metaperspektiver, og litterære og musikalske referanser og allusjoner supplerer fremstillingen»

— Sigmund Jenssen, Stavanger Aftenblad

Mathias R. Samuelsen
Om forfattaren

Mathias R. Samuelsen

Mathias R. Samuelsen (f. 1985) er forfattar og gjendiktar. Han debuterte i 2009 med diktsamlinga Utredning om trengsel. Forutan tre eigne diktsamlingar har han blant anna gjendikta Gary Snyder og Ocean Vuong. I 2022 kom debutromanen Schonung. Saman med Rune F. Hjemås var han redaktør for Ny amerikansk poesi (2018). I 2024 kom band nummer to.