Rosehagtornen: roman

Skjønnlitteratur

Rosehagtornen: roman

Tilia prøver å finne plassen sin i vaksenlivet generelt og i forholdet til Adrienne spesielt. Det er lettare sagt enn gjort, for det er krevjande å vere vaksen, og Adrienne er så sikker på alt. Då er det enklare å omgi seg med planter: Dei slår rot og veks og blømer. Sitrongeraniumen har til og med formeira seg til sjølvstendige planter gjennom alle avleggarane Tilia har gitt vekk. Og medan Adrienne byrjar å snakke om barn, ønsker Tilia seg mest av alt eit tre, ein rosehagtorn. «Rosehagtornen» er ei smart, morosam og sår forteljing om å bli vaksen.
329,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234001833
Helga Songøygard Battin
Om forfattaren

Helga Songøygard Battin

Helga Songøygard Battin (f. 1989) bur i Tokke i Vest-Telemark. Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø og debuterte med romanen Rosehagtornen i 2020. Terskel er den andre romanen hennar.