Generell litteratur

Ro: om Sognefjorden og ein lang rotur heim

Storytel Awards. Sakprosa 2024
RO I VÅR LENGSTE FJORD Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år. Sigri Sandberg er ei rastlaus tobarnsmor som bur fleire stader. Uroa veks med ei hanglande verd og sjukdom og død i nær krets. Ho lengtar etter ro. Sandberg bestemmer seg for å ro Sognefjorden, dei over tjue milene i verdas lengste farbare fjord, i ein gammal trebåt. Ho startar ytst i havet der ho budde som lita, og ror innover mot garden der ho delvis bur no. Undervegs fortel ho om korleis fjorden vart til, om kvardagen då fjorden var riksvegen, om vind og straumar og livet over og under vatn. Ho ror med mannen, venninner og mora - på ulike strekk. Det blir bølger og dramatikk, men også blikstilt vatn, song og nakenbading. Men finn ho ro? Ro er ei vakker forteljing om vår lengste fjord - og eit forsøk på å finne heim.
329,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007842
Sigri Sandberg
Om forfattaren

Sigri Sandberg

Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist og har arbeidd for sentrale norske aviser i over 25 år. Ho har budd mange år på Svalbard og skrive nær tjue bøker – om natur, friluftsliv, klima og polare strok. Sandberg voks opp i Gulen og Bergen og er busett i Oslo og Luster. Besøk ho gjerne på www.sigri.no.