For første gong kjem historia til den gåvmilde og gåtefulle milliardæren Trond Mohn. Industrimannen og investoren Trond Mohn er ein hard forretningsmann med ein vilje av stål, men òg sosialdemokrat, opptatt av fellesskapet og norske arbeidsplassar. Han har gitt milliardar til norsk samfunnsliv.
Journalisten Anne Kari Hinna fortel i denne boka historia om Trond Mohn, om foreldra og deira flukt til Skottland under andre verdskrigen, oppveksten med tvillingbroren Stein Mohn og korleis rikdommen blei skapt i suksessbedrifta Frank Mohn AS.
Det er òg ei historie om maktspel og bitre familiekonfliktar – særleg med tvillingbroren, og med hans eigen son, Frederik.
Trond Mohns gåvmildheit har forandra lokalsamfunn, bygd sjukehus og styrkt idretten i heile landet. Boka viser fram kva som har vore motivasjonen hans for gåvene til fellesskapet, men òg kva det kan kosta å komma på kant med det.