Popsongar: eit utval

Skjønnlitteratur

Popsongar: eit utval

33 min
Dei tre novellene i lydbok-singelen har Pittsburg, Tokyo og ei vulkansk Middelhavs-øy som geografiske rammer. Men det er Grytten sine vakre, vemodige og innsiktsfulle refleksjonar rundt kjærleik, rastløyse, einsemd og vemod som treff lesaren heime. Forfatterskapet til oddingen Frode Grytten er på same tid veldig norsk og veldig internasjonalt. Ikkje minst har han sett Vestlandet på det litterære kartet. Som mange andre debuterte han med dikt (1983), men det var den novelleaktige romanen «Bikubesong» (1999) som førte til gjennombrotet, samt ein Bragepris, for den lett melankolske, sosialt interesserte og kvardagsopptekne forteljaren. Han prøvde seg faktisk også i krimsjangeren, med «Flytande bjørn» (2005), og stakk avgarde med ein Rivertonpris. Fem novellsamlingar har det blitt per 2014. Fleire av samlingane knyt seg opp mot andre kulturelle uttrykk, og henter sin inspirasjon frå annan kunst. Slik er det med «Rom ved havet, rom i byen» (2007), der ti maleri av amerikanaren Edvard Hooper er romma til historiene. Denne lydbok-singelen inneheld tre noveller, alle henta frå samlinga «Popsongar» (2001) - som har 24 internasjonale popsongar som ramme og resonansbotn. Dei tre novellene du får høyre her er: - USA - Samtale til utlandet - Slutten på ei kjærleikshistorie
379,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788242161161
Frode Grytten
Om forfattaren

Frode Grytten

(f. 1960) er frå Odda. Han er ein av dei mest markante novelleforfattarane i Noreg, men har òg hatt suksess innanfor fleire andre sjangrar. Det store gjennombrotet fekk han med romanen Bikubesong i 1999. Grytten debuterte i 1983, og har sidan skrive både romanar, noveller, barnebøker og lyrikk. Novellene hans har blitt gitt ut i fleire samlingar og utval, seinast i den 870 sider tjukke Noveller i samling frå 2009.

Felles for tekstane til Grytten er at dei skildrar vanlege folks liv med ein uvanleg energi, både medrivande barndomsskildringar og kompliserte kjærleikshistorier blir fortalde på ein varm måte som gjer det mogleg å følgje karakterane inn i dei mest hudlause situasjonar. Grytten har lang fartstid som essayist og journalist, m.a. som reporter for Bergens Tidende. Han har undervist i reportasjeskriving på universitet, høgskolar og i dei fleste store redaksjonar i Noreg, og blei i 2003 tildelt Norsk språkpris for sitt journalistiske arbeid. I boka 50/50 frå 2010, er 50 av hans journalistiske tekstar for første gong samla mellom to permar.

Frode Grytten fekk Brageprisen for Bikubesong i 1999 og blei for same bok nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Han blei tildelt Rivertonprisen for kriminalromanen Flytande bjørn i 2005, og for Rom ved havet, rom i byen fekk han Melsomprisen i 2008. Teaterversjonen av Bikubesong mottok strålande kritikk og trakk fulle hus både i Oslo og Bergen. Grytten bur i Bergen.