Last ned omslag

Bla-i-boka

Politihunden Falk på nattevakt

Tone Nørvåg | Odd Henning Skyllingstad

Politihunden Falk på nye eventyr

Ei lettlesen og spennande bok om politihunden Falk, som bur saman med politidama Hanne og familien hennar. Denne gongen skal dei på nattevakt. Falk gler seg!

Men det første som skjer er at dei nesten køyrer på ein gut som er ute og syklar utan lykt. Det blir byrjinga på ei lang natt, der Falk må slåst med ein innbrotstjuv og hjelpe Hanne i jakta på ein rømling.

Dette er den andre boka i serien om etterforskarparet Falk og Hanne.

Boka er illustrert av teikneserieskapar og illustratør Odd Henning Skyllingstad, og er midt i blinken for både gutar og jenter i alderen 8?10 år.

Illustrert av Odd Henning Skyllingstad.

Frå Bokmeldingar

”Politihunden Falk må gjerne finne sin plass i bokhyllene på barnerom over heile landet. Her byr han på alderstilpassa action med ei lita dose moralsk krydder og fint innbakt kunnskap om korleis politiet arbeider.”

, Sunnmørsposten


ISBN: 9788252181913

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, PÅSKE, Tone Nørvåg

Emneknagg: 2012, Innbunden,

Sjanger: Biletbøker



Meir frå Tone Nørvåg