Personar du kanskje kjenner: roman

Skjønnlitteratur

Personar du kanskje kjenner: roman

Synnøve skriv på ein roman om faren, men klarer ikkje å halde fram når ho må reise heim for å halde han med selskap i jula. Ho saknar den han var før han blei ramma av hjernebløding, den suverene faren, levemannen, kompisen, han ho kunne snakke med om alt. I staden byrjar ho på historia om tre ulike kvinner, tre liv som etter kvart flettar seg saman. Studina Mari forelskar seg i rettleiaren sin, men mistar seg sjølv på vegen, skodespelarinna Live vil gå frå kjærasten sin, men følgjer i staden etter henne, åleinemora Anna prøver å finne fotfeste etter eit samlivsbrot. Karakterane er svermande, påverkelege, søkjande, personar du kanskje kjenner. Macody Lund skriv innsiktsfullt om korleis vi speglar og skaper oss sjølve i møtet med andre. Treffande viser ho fram maktspelet menneska kan gå seg ville i.
329,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252183795
Synnøve Macody Lund
Om forfattaren

Synnøve Macody Lund

(f. 1976) er fødd og oppvaksen på Stord. Ho er utdanna innan litteratur, filosofi, film og fjernsynsregi. Ho arbeider som skodespelar, filmkritikar og dokumentar-regissør.