Oddvar Torsheim

Oddvar Torsheim

Fullillustrert praktverk frå Oddvar Torsheim

Dette er eit fullillustrert praktverk om den mangfaldige og fargerike biletmakaren, songartisten og scenekunstnaren frå Sunnfjord. Nær 200 provoserande, vakre og meiningsfulle illustrasjonar frå ein av landets mest særeigne kunstnarar.

Torsheim fyller 70 år i november 2008, og boka gir eit imponerande rikt lengdesnitt av hans produksjon, med fargerike og mangslungne dykk i mylderet av politiske kommentarteikningar i aviser, bøker og tidsskrift, men med hovudvekt på bengalakk- og spray-måleri, akvarellar, oljemåleri, litografi og større utsmykkingsoppgåver.

Forfattaren Einar Økland og kunsthistorikaren Jorunn Veiteberg har med sine perspektivrike forord og etterord fått fram korleis Torsheim er blitt ein kultfigur for eit stort og riksdekkande publikum, eit publikum som har forstått at Torsheims rolle som riksklovn er langt meir reflektert enn det mange mediaklovnar har innsett.

Frå Bokmeldingar

"Ei hulder som viser frem rumpa si med Oddvar Torsheims signatur på høyre rumpeball må bli bra saker [...] Einar Øklands og Jorunn Veitebergs tekster plasserer Torsheim i den norske kunsthistorien, der han for lengst har blitt en kultfigur på grunn av sine elleville påfunn. De 158 kunstverkene som presenteres i boken, dokumenterer imidlertid Oddvar Torsheims solide kunstnerskap. Hans rolle som kritiker av tingenes tilstand gir seg utslag i skarpe strek- og fargekommentarer. Boken tar leseren med på en vandring gjennom Torsheims kunstnerskap fra 1953 til 2008, der spesielt gjensynet med oljemaleriene viser hvilken spennende kolorist han er."
Stein Slettebak Wangen, Adresseavisen

"158 bilete i ei bok"
,

"Ja, en slags norsk pop art utgave av Andy Warhol."
Tor Erlend Nordhuus, raseri.nu


ISBN: 9788252169263

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Oddvar Torsheim

Emneknagg: 2008, Innbunden,

Sjanger: Kunst og kulturhistorie



Meir frå Oddvar Torsheim