Eit språk utan ord - om sorga over eit barn som vart borte.
På ein kyrkjegard ein dag i februar: Eit barn vert gravlagt. Snøen fell over grava og dei som står rundt, over ord og minne om Øyvor, som var sjuk heile sitt korte liv.
Ø er ein song om sorg og omsorg, om ho som er borte, og dei som er att.
Ø er eit syn av snø og eld, av det som fell og det som frys, og av det som brånar og gløder.
Ø er nemninga av den tomme mengda, ei mengd som ikkje har nokon element. Ø er ikkje det same som ingenting, men kva er det då?
Ø er ein formsikker elegi, eit forsøk på å nærma seg det som både er ordlaust og språkløysande.
Sitat frå melding
«det som overtyder meg i denne boka [.] er kor gjennomført den verkar. Forfattaren vel seg nokre motiv som kanskje kan summerast opp som «Øyvor, snø og Ø», og borar i dei samlinga gjennom, ved å ta i bruk lydlege, visuelle og formmessige grep som både er varierte og fungerer innanfor ramma han har laga seg. Tangerås har eit språkleg og musikalsk handlag som røyver noko sjølv i lesarar som har utvikla motstandskraft mot sorgdikt fulle av snø.» - Helene Hovden Hareide, Klassekampen «Her finn vi djupe og tankevekkjande refleksjonar over døden som fenomen, grunnleggjande poetiske tankar som er noko av det mest gripande eg har lese på lenge: .vit at snøen fell over deg og grava di/ tidleg i februar og til alle tider..» - Kjetil Berthelsen, Dag og Tid
Bla-i-boka
Thor Magnus Tangerås
Thor Magnus Tangerås(f. 1972) kjem frå Haugalandet. Han er førsteamanuensis ved Westerdals institutt for kreativitet, fortelling og design ved Høyskolen Kristiania. Tangerås forskar på korleis litteraturen kan forandra oss, og har mellom anna gitt ut boka Literature and Transformation. A Narrative Study of Life-Changing Reading Experiences (Anthem Press, 2020).
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO