Norsk litterær årbok 2022

Fagbøker

Norsk litterær årbok 2022

Norsk litterær årbok er ein årleg litteraturvitskapleg antologi. I 2022-utgåva diskuterer Agnete Bueie fenomenet podkast i eit litterært perspektiv. Christine Hamm gjer ei kritisk lesing av Havboka av Morten Strøksnes, og Lisbeth P. Wærp les Roy Jacobsens Barrøyromanar i eit øylitterært perspektiv. Kjell Askildsen døydde i 2021. I ein av årbokartiklane argumenterer Sigurd Tenningen for ei breiare forståing forfattarskapen hans. Espen Grønlie undersøkjer det norske lyrikkåret 2021. Den grønlandske forfattaren Niviaq Korneliussen vart tildelt Nordisk råds litteraturpris for romanen Naasuliardarpi (Blomsterdalen). Sophie Wennercheid presenterer både romanen og forfattarskapen i lys av denne tildelinga. Årboka inneheld også artiklar om Ludvig Holberg, tsjekkisk litteratur i Noreg, Grønne greier, Tegnehanne og litteraturformidlingsmetoden shared reading.
329,00 kr
Sider
392
Utgivingsår
2022
Språk
da
ISBN
9788234008344
NS
Om forfattaren

Nora Simonhjell

Nora Simonhjell (f. 1970) er førsteamanuensis ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. Ho arbeider mest med spørsmål kring litteratur, kropp, kjønn og sjukdom.