Dette verket i seks band tek for seg Norsk historie frå 800 til 2000. Vekslande perspektiv gir historia liv og teiknar riss av samfunnet, menneska og dei viktigaste utfordringane dei har stått overfor. Det blir lagt vekt på å skildre livsforholda for ulike lag i samfunnet, samstundes som politikk, ideologiar og livsoppfatningar får sin plass. Verket kombinerer fagleg presisjon med levande historieforteljing og er tilpassa pensum i historie grunnfag. Det kjem i to utgåver, ei hefta studieutgåve som berre blir seld som enkeltband, og verkutgåva som er innbunden og blir seld samla.