No fær huset: forteljingar

Skjønnlitteratur

No fær huset: forteljingar

««Laura Djupviks fortellinger skriver seg inn i det mørket vi alle står i, sannsynligvis bedre enn noen koronadagbok makter. Sensitivt sirkler Djupvik inn folk som er litt annerledes og lever i randsonene av mulige fel...»
— Astrid Fosvold, Vårt Land
Ei kvinne bur åleine i ei mørk kjellarleiligheit, og dagens høgdepunkt er togturane med ein altfor informativ nabo. Ein mann slit med å få kvardagen til å henge saman etter at kona reiste, og kler opp eit fugleskremsel med kleda hennar. Eit par får stadig høyre kor vakkert barn dei har fått, men barnet utviklar seg ikkje normalt. No fær huset er ei novellesamling om lengt, der vi møter menneske som på kvar sitt vis ikkje heilt får det til. Det handlar om dei erfaringane folk gjer seg, og om kor vanskeleg det kan vere å leve eit heilt alminneleg liv. Djupvik set ord på kor sårbart livet kan vere, og syner fram at vi alle har ulike utfordringar. Derfor treng ingen av oss å skamme seg.
329,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234002755
Laura Djupvik
Om forfattaren

Laura Djupvik

(f. 1970) er forlagsredaktør, skribent og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre og bur no i Lier ved Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liten i 2004. I 2008 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin. Djupvik kom med romanen Kvitt (Kolon forlag) i 2013 og Hjartet er ingen logrande hund i 2019.