Nidaros er ei kjærleiksforteljing og eit trekantdrama. Romanen følgjer Peter, ein foreldrelaus gut som veks opp i eit kloster i Tyskland, Ben, ein komponist frå Oslo, og Birgitta, ein skodespelar med røter i Telemark. Romanen flettar saman fortida og notida og det indre og ytre livet til desse personane. Notidshandlinga tar oss med til Trondheim, som Ben har reist til for å begynne på eit nytt musikkverk. Her møter han Birgitta, som han tidlegare har hatt eit kjærleiksforhold til. Birgitta er i byen med ein gammal ven, Peter. Når desse tre møtes blir er det ikkje muleg å halde fortida skjult lenger; alt må opp i dagen. Dei blir dermed nøydde til å møte alt dei ikkje visste om seg sjølv. Og det viser seg at dei alle er knytte saman på måtar dei aldri hadde drøymt om.
Nidaros tematiserer korleis det vi ikkje hugsar, spelar aktivt med i livet vårt og formar relasjonar, reaksjonar og handlingar.