Nattsommarfugl: roman

Barn og ungdom

Nattsommarfugl: roman

12–16 år
Johanne er overlykkelig over å vere på sommarferie ved fjorden hjå mormor og morfar og sommarjobben på den lokale butikken. Berre ein ting er annleis enn i fjor: Søstera Katrin er ikkje med. Ho skal komme etter, men tida går og Katrin dukkar ikkje opp. Johanne må prøve å lage sin eigen sommar i paradiset. Ho møter Mattias som ho blir kjærast med, men etterkvart blir sommaren heilt annleis og farligare enn Johanne hadde trudd. Hilde K. Kvalvaag debuterte i 2003 med ungdomsromanen Hjarteklapp, som vart svært godt motteken og skaffa henne Nynorsk barnelitteraturpris. For Nattsommarfugl fekk ho Kultur- og kyrkjedepartementets barnelitteraturpris i 2006.
249,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185508
Hilde K. Kvalvaag
Om forfattaren

Hilde K. Kvalvaag

Hilde K. Kvalvaag (f. 1968) bur i Bergen. Ho debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003. For den fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris.

For si andre bok, Nattsommarfugl (2005), mottok Kvalvaag Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok og Guro Sandsdalens litteraturpris. I 2008 gav ho ut si første bok for vaksne, romanen Skagerrak, som ho fekk Samlagsprisen for. I 2010 vart ho tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for romanen Fengsla (2010).

Fleire av bøkene hennar er omsett til tysk.