InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Miklastaur: roman

Ellevill soge med alvorleg undertone. Emmanuel Miklastaur kjem til verda i ei altfor lita bygd og med eit altfor stort problem: Han er så velutstyrt frå naturen si side at mor hans blir riven i hel under fødselen. Kort tid etter døyr faren av sorg, og Emmanuel veks opp hos dei livstrøytte besteforeldra sine med ein drikkfeldig hest til bestevenn. Sidan han er flau over skavanken sin, nyttar han fritida til å streife omkring for seg sjølv medan han fører inn opplevingane sine i kladdebøker. At han kjem til å utrette noko i livet, finst det ikkje ei sjel i bygda som har tru på. Men det skal han. Det liknar berre ikkje noko dei har sett før. «Miklastaur» er ein burlesk roman om sosial utstøyting og konsekvensane som følgjer, om å slitast mellom krav frå omgivnadene og trongen til å følgje sine eigne kjensler, kvar enn det måtte bere.
429,00 kr
Sider
273
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252198027
Mads Rage
Om forfattaren

Mads Rage

Mads Rage (f. 1982) er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universitetet i Bergen. Han er busett i Oslo og arbeider i Politiets IKT-tenester. Han debuterte i 2018 med romanen Og skipet siglar vidare. Tre vener og ein dum ting er den tredje romanen hans.